Stort straumbrot i Venezuela
0
Store delar av Venezuela er utan straum fredag morgon, melder AFP.
Kommunikasjonsminister Freddy Nanez seier til den statlege TV-kanalen VTV at det kan vere snakk om ein sabotasje.
– Det er snakk om ein sabotasje mot det elektriske systemet som omfattar nesten heile landet. Alle dei 24 delstatane rapporterer om helt eller delvis tap av elektrisitet, seier han.
Også i 2019 skulda regjeringa på sabotasje då landet hadde tre landsomfattande straumbrot. Nokre av desse varte i tre dagar, melder NTB.