SVT: Mann gripen etter dobbeltdrap i Malmö
0
Ein 19 år gammal mann er gripen mistenkt for å ha medverka til drapet på to britiske statsborgarar i midten av juli, melder SVT.
Dei to blei funne døde i ein utbrend bil i eit industriområde i Malmö.
Politiet hadde tidleg ein teori om at dei døde var to britar som var meldt sakna i Sverige, men dei blei først identifisert i midten av august, skriv den svenske kringkastaren.