ru24.pro
World News in Norwegian
Август
2024

Havarikommisjonen undersøker ikkje forliset ved Stad

0
NRK.no 

Statens havarikommisjon skal ikkje undersøke hendinga der ein trebåt forliste ved Stad tysdag. Det opplyser Dag Liseth i Havarikommisjonen til NRK.

Ei kvinne frå USA omkom i forliset, og fem blei redda.

Heller ikkje styresmaktene på Færøyane skal undersøke saka. Dei reknar båten for å vere eit fritidsfartøy, seier Liseth.

Mannskapet forsøkte å segle frå Færøyane til Noreg i ein open trebåt på 30 fot. Uvêr førte til at båten kantra.