Næringstopp sikta for snikfilming under Arendalsveka
0
Ein leiar i ein næringsorganisasjon er sikta for seksuelt krenkande åtferd under Arendalsveka.
Han skal ha plassert eit skjult kamera på badet i leilegheita han delte med ein politikar, to kollegaer og ein journalist.
– Han er innstilt på å samarbeide med politiet for å kunne avklare alle aspekt i saka, under dette leggje alle korta på bordet og erkjenne dei faktiske forholda, skriv Alexander Nyheim Jenssen, som er mannens forsvarar i ei fråsegn til NRK.