To sakna etter jordskred i Italia
0
Ei kvinne i 70-åra og sonen hennar, som er i 40-åra, er sakna etter eit jordskred i provinsen Caserta i Italia, melder lokale styresmakter.
Skredet blei utløyst etter eit kraftig regnvêr tysdag ettermiddag.
Den lokale ordføraren Emilio Nuzzo har framleis eit lite håp om å finne dei sakna i live.
– Men ut frå det ekspertane fortel meg, så er det ikkje så stort håp, seier han til italienske medium.