Stort angrep i Burkina Faso
0
Minst hundre personar og soldatar skal vera drepne i eit angrep sentralt i Burkina Faso i helga, ifølge tenketanken Soufan Center, melder nyheitsbyrået AP. Talet er ikkje stadfesta frå styresmaktene i regionen.
Angrepet skjedde i landsbyen Barsalogho, rundt 80 kilometer frå hovudstaden Ouagadougou laurdag.
Ein spesialist på regionen, Wassim Nasr i tenketanken Soufan Center, seier det er det dødelegaste angrepet i Burkina Faso i år.
Ei gruppe tilknytt Al-Qaida skal ha tatt på seg ansvaret for angrepet, ifølge AP.