Barnepsykolog om Gaza: – Ein enorm skade
0
Over 11.000 barn er døde i krigen i Gaza, ifølge palestinske helsemyndigheiter.
Barnepsykolog Katrin Glatz Brubakk jobbar ved Al Nasser-sjukehuset i Khan Younis på Gazastripa for Leger utan grenser. Ho seier ein heil generasjon ungdommar vil vera påverka av krigen, som no har vara i over ti månadar.
– Me må venta at heile den oppveksande generasjonen vil vera prega av dette. Dette er ein enorm skade som dei vil bruka årevis på å reparera, seier ho til NRK.