ru24.pro
World News in Norwegian
Август
2024

India: Vil opprette arbeidsgruppe som skal kome med råd om tryggleik på arbeidsplassen

0
NRK.no 

Høgsterett i India set i gang omfattande endringar i arbeidsforholda for legar.

Det skal mellom anna opprettast ei nasjonal arbeidsgruppe av legar for å komme med tilrådingar om tryggleik på arbeidsplassen. Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Det pågår landsomfattande protestar etter at ein 31 år gammal, kvinneleg lege vart valdteken og drepen etter at ho i pausen, la seg til å sove på eit rom på sjukehuset i byen Kolkata.

Tusenvis av indiske kvinner har marsjert for «å take natta tilbake» etter hendinga.

I 2022 vart i gjennomsnitt 86 kvinner valdtekne per dag i landet.