ru24.pro
World News in Norwegian
Август
2024

Seglbåt med sju personar meldt sakna i Italia

0
NRK.no 

Ein 50 meter lang seglbåt med 22 personar om bord sokk tidleg måndag morgon utanfor kysten av den sicilianske byen Palermo.

Italiensk kystvakt og brannvesen har redda 15 personar, inkludert eit born. Sju personar er framleis sakna, melder italienske medium.

Båten sokk då ein tornado råka området ved soloppgang måndag morgon.

Båten seglde under britisk flagg, og britiske styresmakter har ikkje svart på ei førespurnad om hendinga, skriv Reuters.