Rollelista til Nesbøs Harry Hole er klar
0
Når Netflix skal dramatisere boka til Jo Nesbø, «Marekors» er lista spekka med norske skodespelarar.
Tobias Santelmann skal spele Harry Hole, medan Pia Tjelta skal spele Rakel, den store kjærleiken til Hole. Det kunngjorde Netflix i ei pressemelding på måndag.
Serien skal heite «Jo Nesbøs Harry Hole» og manuset er skrive av Nesbø sjølv. Den er delt i ni episodar, og skal sendast i 2026.