ru24.pro
World News in Norwegian
Август
2024

Høgre etterlyser eit nasjonalt fråværsregister

0
NRK.no 

I dag møter mange skuleelevar rundt om i landet til fyrste skuledag etter ferien, men fleire stader står pultar tomme.

Margret Hagerup, utdanningspolitisk talsperson for Høgre meiner at fråværet av eit fråværsregister berre er eitt uttrykk for den manglande handlekrafta til regjeringa si skolepolitikk.

– Det blir mykje ord og lite handling, sa ho da ho gjesta Politisk kvarter tidleg måndag.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) lovar at eit slik register snart vil vere på plass, det er ikkje fyrste gong regjeringa har uttala dette.

– Bekymringane for ufrivillig skulefråvær er reelle, men vi veit faktisk ikkje kor mange elevar som er borte frå grunnskulen i dette landet. Kunnskapsministeren snakkar om det, men gjer ingenting med det, seier Hagerup.

Elise Waagen (AP) etterlyste det same då ho i eit intervju med Dagsavisen for snart eit år sidan, slo fast at det hasta å få på det plass.