Biden seier våpenkvile «framleis er mogleg»
0
USAs president Joe Biden seier at våpenkvile i Gaza «framleis er mogleg» sjølv om Netanyahu og Hamas skuldar kvarandre for å hindra ein våpenkvileavtale. Det skriv nyheitsbyrået AFP.
Tidlegare i helga sa Hamas at Joe Bidens optimistiske skildringar av våpenkvilesamtalane ikkje stemmer med verkelegheita. Den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken er no i Midtausten. Målet er å sørgja for framgang i samtalane om våpenkvile. Biden poengterte at «vi gir ikkje opp».