Over 150 døde etter veker med regn i Pakistan
0
Talet på døde etter starten på regntida i Pakistan har kome opp i 154 personar, melder NTB.
Halvparten av dei døde er barn.
Verst ramma er den nordvestlege regionen Khyber-Pakhtunkhwa, der det har vore 57 dødsfall i samband med stormflo, jordskred og flaum frå bresjøar.
Det er venta store mengder regn fram til 14. august.