Talet på døde etter demonstrasjonar i Bangladesh stig
0
Minst 50 personar er søndag drepne i samband med demonstrasjonar i Bangladesh, melder AFP.
Politiet brukte tåregass og sjokkgranatar for å spreie tusenvis av demonstrantar som krev at statsminister Sheikh Hasina går av.
Ifølge politiet og legar er det minst 14 politifolk blant dei døde.
I tillegg er det mange demonstrantar og politifolk som er skadde i samanstøytane.
Det har vore omfattande uro i landet sidan Hasina blei attvalt i januar. Opposisjonen boikotta valet.
Til saman er 243 menneske drepne sidan protestane starta i juli.