ru24.pro
World News in Norwegian
Август
2024

USA og Storbritannia ber innbyggarar forlate Libanon

0
NRK.no 

Både USA og Storbritannia ber eigne statsborgarar forlate landet så snart som råd, melder AFP.

Dei fryktar striden mellom Israel og Hizbollah skal utvikle seg til full krig.

Den amerikanske ambassaden har sendt ut ei melding om at amerikanarar bør bestille første ledige flybillett, sjølv om det ikkje følger ruta som er førstevalet.

Den britiske utanriksministeren David Lammy seier i ei melding at situasjonen kan utvikle seg raskt, og ber difor britar om å reise straks.