Haniyeh gravlagd i Doha
0
Fleire hundre møtte fram då Hamas politiske leiar Ismail Haniyeh blei gravlagd i Doha i Qatar fredag, melder Reuters.
På same tid var det minnemarkeringar og demonstrasjonar med støttespelarar for Hamas i fleire muslimske land.
Haniyeh blei drepen natt til onsdag i eit angrep medan han var i Teheran i Iran. Hamas og Iran skuldar Israel for å stå bak, og seier dei vil svare på angrepet.
Israel har verken avkrefta eller stadfesta at dei stod bak.