Til sjukehus etter luftsport-ulykke
0
Ein mann i 50-åra er er frakta til Haukeland universitetssjukehus i luftambulanse etter ei luftsportsulykke i Sogn. Politiet fekk melding via AMK klokka 13.44 om at ein paraglider skulle ha krasjlanda på ein bø ved Esefjorden i Balestrand. Pasienten skal ha vore vaken og snakka då naudetatane kom fram. Politiet er på staden og gjer undersøkingar.