ru24.pro
World News in Norwegian
Август
2024

Åtte tiltalt etter sprengingar i Sverige

0
NRK.no 

Åtte menn er tiltalt etter tre sprengingar i Uppsala, Stockholm og Linköping i Sverige i september i fjor, skriv SVT.

Ei kvinne døydde i den eine eksplosjonen.

Politiet knyter eksplosjonane til striden i det svenske gjengmiljøet.

– Vi ser ei tydleg kopling mellom dei tre sprengingane og konflikten i Foxtrot-nettverket, seier aktor Thomas Bälter i samband med at tiltalane blei kunngjort.

To av mennene er mistenkt for å ha delteke i alle dei tre sprengingane. Dei tiltalte er blant anna tiltalt for drap, drapsforsøk og grove brot på lova om brannfarlege og eksplosive varer.