Reagerer på at russisk kriminell var ein del av fangeutvekslinga
I Tyskland har det vekt reaksjonar på at Vadim Krasikov, ein russisk statsborgar som var fengsla for eit drap på ein tidlegare tsjetsjensk opprørsleiar i Berlin, var ein del av fangeutvekslinga.
Amnesty i Tyskland seier utvekslinga har ein bitter ettersmak, og er uroa for korleis Russland bruker politiske fangar som gissel.
– På den eine sida er det ein drapsmann og andre kriminelle som er dømde i rettferdige rettssaker, og på den andre folk som berre har brukt ytringsfridomen sin. Fangeutvekslinga er difor eit nytt steg mot meir straffritak, seier nestleiar i tyske Amnesty Christian Mihr til AFP, ifølge NTB.
Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz seier det var ei vanskeleg avgjerd, men at det var rett å gjere det slik.
– Dersom nokon meiner det ikkje var rett avgjerd, så kjem dei til å endre meining etter å ha snakka med dei som no er sette fri, seier han.