Nesten alle Ecall-meldingar er falske
0
110-sentralane skal slutte å ta i mot Ecall-meldingar. 96 prosent av desse meldingane er falske, skriv digi.no.
Ecall er eit system som skal sørge for at naudetatane blir automatisk varsla dersom ein bil hamnar i ei ulukke.
Men dei fleste av meldingane 110-sentralane handterer er bilførarar som treng vanleg veghjelp.
Systemet er obligatorisk i alle nye bilar.
No foreslår Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) at meldingane skal gå til AMK-sentralane ved sjukehusa etter at falske opprop er luka ut av ein innleigd aktør.