Over 15.000 studentar i bustadkø
0
Tal frå Samskipnadsrådet viser at 17.389 studentar har signert leigekontrakt med studentskipnadane i perioden 1. mai til 1. august. Det er ni fleire enn rekorden frå i fjor.
Men det er framleis mange studentar som står i kø for å få studentbustad. 1. august var det 15.675 studentar som står på venteliste. Men dei siste åra har vist at to tredelar av dei som står i kø i starten av august, har funne seg stad å bu ved utgangen av månaden.
Det er flest studentar som ventar på bustad i Oslo.