Ønsker ikkje å auke konflikten i Midtausten
0
Regjeringa i Libanon seier dei ikkje ønsker ein krig med Israel etter at ein Hizbollah-leiar blei drepen i eit israelsk angrep tysdag, melder Reuters.
Informasjonsminister Ziad Makary seier dei ønsker ein diplomatisk innsats for å roe situasjonen.
Iran ønsker heller ikkje å eskalere konflikten i Midtausten. Det seier den iranske visepresidenten Mohammad Reza Aref etter at Hamas-leiaren Ismail Haniyeh blei drepen i eit israelsk angrep i Teheran, ifølge Reuters, som siterer iranske statlege medium.