Gasslekkasje i Bergen
0
Naudetatane rykker ut etter melding om ein mindre gasslekkasje frå ein propantank i Skytterveien i Ytre Sandviken. Det melder politiet.
Tanken er lokalisert og politiet har etablert ei 50 meter tryggleikssone rundt lekkasjen. Innbyggjarar i område blir informerte og bedne om å halde seg innandørs med avstand frå vindauga til risikoen er avklart.
Naudetatane jobbar no for å oppretthalde sperringar og å tømme tanken for gass.