Politiaksjon i Luster kommune
Politiet rykka i dag ut med lokale og nasjonale ressursar i området Skjolden-Solvorn i Luster kommune.
Kl. 11.40 i dag fekk politiet ei melding om mistanke om at nokon blei haldne tilbake mot sin vilje. Det var ukjent om nokon var skada eller i fare.
– Det viste seg å heldigvis ikkje vere tilfellet. Ingen er skada, seier Jørgen Ommedal, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Politiet har no oversikt og kontroll på situasjonen.
– Vi har arrestert dei involverte partane, og det har gått føre seg utan noko dramatikk, seier Ommedal.
Dei er no på staden for å finne ut kva som er årsaka til meldingane. Dei vil halde fram med etterforsking og innleiande undersøkingar.
Det var viktig for politiet at aksjonen ikkje blei synleg for offentlegheita før politiet hadde kontroll på situasjonen.