UD oppfordrar nordmenn til å forlata Libanon
0
Utanriksdepartementet har sendt ut melding til norske borgarar som oppheld seg i Libanon, i samanheng med angrepa siste døgnet. UD minner om reiserådet for Libanon som oppfordrar norske borgarar til å forlata landet.
Dersom sikkerheitssituasjonen blir verre kan det bli vanskeleg å reise ut av landet.
I ein slik situasjon vil norske myndigheiter ha svært få moglegheiter til å hjelpa norske borgarar ut av Libanon, skriv dei.
Nordmenn i Israel har fått melding frå UD som minner om at sikkerheitssituasjonen er alvorleg og kan eskalere.