ru24.pro
World News in Norwegian
Июль
2024

Forsvarskonsernet Saab inngår milliardkontrakt

0
NRK.no 

Saab har teke imot ein stor ordre på våpensystem og utretning frå regjeringa i eit vestleg land. Det skriv selskapet i ei pressemelding onsdag.

Kontrakten er på 6,6 milliardar svenske kroner.

Saab går ikkje ut med kva land det er som har kjøpt forsvarsmateriellet, blant anna av omsyn til nasjonale sikkerheitsinteresser, heiter det i pressemeldinga.

Utstyret skal leverast i perioden 2027 til 2028.