Rekordvarme i Russland fører til fleire drukningsulykker
0
I alt 49 personar drukna ulike stader i Russland i går, ifølgje beredskapsdepartementet i landet.
Blant dei som drukna var det sju barn.
Det har vore svært varmt mange stader i Russland den siste tida, noko som gjer at mange har søkt mot vatn og elver. I hovudstaden Moskva er det målt over 35 grader, og det har ikkje vore så varmt i byen sidan 1917.