Dømt til fengsel i seks år for vald og mishandling
0
Ein mann frå Nordfjord er dømt til fengsel i seks år for ei rad alvorlege forhold. Han er mellom anna dømt for valdtekt og mishandling av sin tidlegare kjæraste. I tillegg er han tiltalt for seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år, sidan den tidlegare kjærasten var ung.
Det var Fjordabladet som først omtalte dommen.
Mannen er straffedømt fleire gonger, og retten finn ingen formildande omstende. Han må også betala oppreisingserstatning til ekskjærasten på 380.000 kroner.