Bemannar opp leiteaksjon etter kvinne i Suldal - opptil 50 personar deltek i søket
Eit Sar Queen-helikopter er sett inn i leiteaksjonen etter kvinna i slutten av 60-åra som har forsvunne ved Jelsaheia i Suldal.
Leitemannskapet og innsatsleiinga samlar seg i 21.30-tida på Jelsa brannstasjon søndag kveld, og fleire frivillige er på veg.
– Søket pågår med full styrke. Det er framleis mange områder å søke i.
Dei tek utgangspunkt i det siste området dei kan spore mobilen til kvinna.
– Vi arbeider ut i frå tekniske spor per no, seier Steinar Knudsen i politiet.
Politet har ikkje fått tips i form at obersevasjoner i søket. Politet opplyser at terreneget er bratt.
– Opplysningar frå familien sa at kvinna var på tur åleine, seier Knudsen.
Den sakna kvinna blir skildra som funksjonsfrisk, lokalkjent, og skal vere i god form. Ho skal truleg ha gått åleine. Familien varsla politiet rundt klokka 1840.