Leiteaksjon etter kvinne i 60-åra i Suldal
0
Politiet og hovudredningssentralen leitar med hund, drone, politibåt etter ei kvinne i slutten av 60-åra som ikkje har returnert til avtalt tid etter ein gåtur. Også frivillige er med på leiteaksjonen.
Politiet ber publikum om ikkje å bevege seg i området Junkervarden ved Jelsaheia i Suldal, elles vil jobben bli vanskelegare for leitemannskap, hundar og teknisk utstyr.
Ifølgje politet er det snakk om ei lokalkjent kvinne som sannsynlegvis har gått på tur åleine.