Kripos: – Redd for at vi får fleire drap enn tidlegare
0
Det sa kripos-sjefen Kristin Kvigne i Dagsrevyen.
– Dette er ein grufull tragedie for familien, lokalsamfunnet og heile nasjonen.
Kripos hjelper til i drapsetterforskinga i Ål i Hallingdal. Laurdag blei fire personar funne døde i ein bustad.
Til no i år har det vore 12 drap i Noreg. Det er fleire enn nokon gong så langt i året.
Også i 2023 var det fleire drap enn tidlegare.
– Vi er bekymra for utviklinga. Vi er redd for at vi får fleire drap enn det vi har hatt tidlegare, seier Kvigne.
Ho understrekar at det er for tidleg å slå noko fast om utviklinga.