ru24.pro
World News in Norwegian
Январь
2024

Fleire hundre skadar etter vêret sundag og måndag

0
NRK.no 

Fleire av dei største forsikringsselskapa i landet får inn mange skademeldingar på grunn av store vassmengder.

Sidan sundag og fram til måndag føremiddag har både Gjensidige og If fått rundt 200 meldingar kvar om vasskadar.

Storebrand, på si side, seier at dei har fått inn nærmare 400 skademeldingar sundag og måndag. Dei aller fleste av desse gjeld vatn, seier Elin Spjelkavik i Storebrand forsikring.

Fremtind forsikring seier dei har fått rmelding om undt 50 skadar knytta til nedbør måndag, men at dei ventar at talet vil auke utover kvelden og dei neste dagane.

I ei pressemelding måndag uttalar òg Fremtind forsikring at dei har rekordstor pågang frå kundar som er råka av vasskadar.

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for flaum mellom anna på Austlandet, i Agder og på store delar av Vestlandet. Årsaka er mellom anna mildvêret, som gjer at mykje snø smeltar.