SSB: Fleire unge på arbeidsavklaringspengar
Ved utgangen av 3023 var det 148.000 personar som fekk arbeidsavklaringspengar (AAP), skriv Statistisk sentralbyrå (SSB). Talet på mottakarar har stige kvart år sidan 2019, viser tala. I denne perioden har talet på mottakarar i aldersgruppa 18 til 24 år stige med 14 prosent. Mange av dei som får AAP i alderen 18 til 20 år har ikkje fullført vidaregåande skule og kjem oftare frå hushaldningar med låg inntekt, skriv SSB.