Tyrkia blokkerer Roblox
Tyrkia har stengt tilgangen til den populære spelplattforma Roblox, melder Reuters. Justisminister Yilmaz Tunc skriv på X at dei gjer dette fordi dei fryktar innhald som kan føre til misbruk av barn. Han skriv at tilgangen er stengd medan Roblox er under etterforsking av tyrkiske styresmakter. Roblox er ein plattform der brukarane sjølve kan legge ut spel dei har laga. I førre veke stengde Tyrkia også tilgangen til Instagram.