Mindre jordskjelv måndag kveld
Det har i kveld vore eit mindre jordskjelv rundt 17 kilometer sørvest for Molde og rundt 30 kilometer frå Åndalsnes. Det bekreftar Norsar til NRK. Skjelvet skal ha hatt ein styrke på rundt 2,2. Det skal vere av ein styrke som truleg ikkje har ført til skader, men det kan ha blitt merka ulike stadar i Møre og Romsdal, opplyser jordskjelvvakta i Norsar til NRK.