ru24.pro
World News
Март
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31

FN-sjefen besøker Libanon - oppmodar Israel og Hizbollah til våpenkvile

0
NRK.no 

FNs generalsekretær António Guterres seier han har landa i Beirut for eit solidaritetsbesøk med folket i Libanon.

– Dei valde ikkje denne krigen. Dei blei dregne inn i han, skriv han i eit innlegg på X.

Guterres oppmodar både Israel og Hizbollah om å stanse krigen.

– Mi sterke oppmoding til begge partar, til Hizbollah og til Israel, er ein våpenkvile for å stanse krigen, sa han ifølge AFP.

Han la også til at Libanon må bli eit land der styresmaktene har monopol på bruk av makt.

– Dette er ikkje lenger tida for væpna grupper. Dette er tida for sterke statar, sa Guterres.

Om lag 700.000 menneske er drivne frå heimane sine i Libanon, ifølge FN.200.000 av dei fordrivne er barn, ifølge Unicef.