Fem skadde etter togulukke i Sveits
0
Fem personar er skadde etter at eit tog spora av i Sveits måndag. Ein av dei skadde er frakta til sjukehus, skriv AFP.Årsaka skal vere eit snøskred. Ulukka skjedde sørvest i landet nær dei sveitsiske alpane. 30 passasjerar er evakuert, skriv allmennkringkastaren SRF.
Ulukka skjedde samtidig som det har vore farevarsel for snøskred i området.
