ru24.pro
World News
Февраль
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28

Slottet sender SMS til beskyttarorganisasjonar

0
NRK.no 

Fleire av organisasjonane som kronprinsesse Mette-Marit er kongeleg beskyttar for, har denne veka fått SMS frå Slottet, kor dei har fått tilbod om vidare dialog.

Både Kirkens SOS og Amandusfestivalen stadfestar dette til VG.

Dermed følgjer Slottet opp brevet dei sende fredag førre veke, kor kronprinsessa takka organisasjonane for ærlege tilbakemeldingar.

Fleire av organisasjonane har bede om meir informasjon, etter at det no er kjent at kontakta kronprinsessa har hatt med seksualforbrytar Jeffrey Epstein har vore nærare og vart lenger enn det som tidlegare har vore kjent.

Kronprinsesse Mette-Marit har varsla at ho vil seie meir om Epstein-kontakta, men at ho treng meir tid.