ru24.pro
World News
Январь
2026
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25
26
27
28
29
30
31

Hedegart og Amundsen vidare etter kanonprolog

0

Harald Østberg Amundsen og Einar Hedegart på Noregs førstelag gjekk lett vidare frå prologen i lagsprinten i langrennsverdscupen i Sveits.

– Svært solid tid på Hedegart! Det er rett og slett imponerande det han viser, sa NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland i det Hedegart gjekk inn i leiinga.

– Det er enormt det Hedegart viser. Han viser at han er ein høgaktuell kanditat til å gå saman med Klæbo på ein førsteetappe i denne øvinga i OL, la Aukland til.

Hedegart gjekk inn til same tid som franske Lucas Chanavat.

Noreg stilte også med eit andrelag: Ansgar Evensen og Even Northug. Dei fekk det litt tyngre, men klarte å kvalifisere seg til finalen.

– Han verkar litt tung i dobbeldans-taka. Men også han får juling av Hedegart, sa Aukland då Northug kjempa seg over målstreken.

Noreg sitt førstelag blei nummer to i prologen, slått av Sveits med Janik Riebli og Valerio Grond. USA med Ben Ogden og Gus Schumacher blei nummer tre.