Vanskelege køyreforhold etter vêromslag
0
Det er krevjande føreforhold på fjellovergangane E16 Filefjell og Rv. 52 Hemsedalsfjellet etter vêromslaget dei siste dagane. Det er no regnbyer og plussgrader, og det vaskar vekk saltet.
– Entreprenørane saltar for harde livet, men det blir ein evig kamp. Så der åtvarar me no om glatt veg, seier trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen.
