Kontroll avdekka ulovlege stoff i smykke
0
I ein kontroll gjennomført av Miljødirektoratet, avdekka dei at eitt av fire smykke inneheld ulovlege helse- og miljøfarlege stoff, opplyser dei i ei pressemelding.
– Det er alvorleg at så mange av smykka som er testa, inneheld forbode helse- og miljøfarlige stoff. Regjeringa er opptatt av at norske forbrukarar blir tilbydd trygge produkt, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).
– Derfor styrker vi kontrollane, særleg av netthandel, for å hindre sal av ulovlege produkt, legg han til.
Av dei 160 kontrollerte smykka hadde 42 for mange helse- og miljøfarlege stoff.