Skogbrannar herjar i knusktørre land rundt Middelhavet
0
I år har 227.000 hektar – eit område på størrelse med Oppdal kommune – blitt svidd av i skogbrannar i land kring Middelhavet.
Det er dobbelt så mykje som gjennomsnittet for denne tida på året, ifølge EUs europeiske informasjonssystem for skogbranner (Effis).
Fleire hetebølger gir meir tørke, som leiar til at brannane er fleire og startar tidlegare.
FN oppfordrar regjeringar til å investere meir i førebygging og skogforvalting, og ikkje berre beredskap og brannsløkking.
Tidlegare denne månaden blei tusenvis evakuert då skog- og krattbrannane herja i Spania og flyplassen i Marseille måtte stenge i Frankrike då flammane nærma seg byen.
(NTB)