ru24.pro
World News
Июнь
2025
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Prisveksten klatra i USA

0
NRK.no 

Prisveksten i USA klatra til 2,4 prosent i mai, samanlikna med mai i fjor. Det viser tal frå Bureau of Labor Statistics.

Det er i tråd med det fleire analytikarar hadde venta på førehand, ifølgje Bloomberg. Likevel var det eit knepp opp frå førre månad, kor prisveksten var på 2,3 prosent.

Kjerneinflasjonen, som ser vekk frå prisane på matvarer og energi, landa på 2,8 prosent i mai.

Det er knytt stor spenning til korleis president Donald Trump sine tollsatsar vil påverke prisane i USA framover. I mai var det allereie tollsatsar på fleire varer inn til USA.