ru24.pro
World News
Июнь
2025

Fem personar hamna i sjøen i Stad

0
NRK.no 

Fem personar hamna i sjøen frå ein hurtiggåande båt av typen RIB i 19-tida tysdag kveld. Båten var på ein sightseeingtur med totalt ti passasjerar i Eidsfjorden i Stad.

Undervegs losna den eine benkerada, slik at fem av passasjerane hamna i sjøen. Alle blei henta raskt opp frå sjøen og frakta inn til Nordfjordeid.

Ingen er alvorleg skadd, men dei blir undersøkte av helsepersonell på staden.

Dei er våte og kalde, og har nokre klemskadar, melder politiet.

Dei involverte er passasjerar på eit cruiseskip som ligg til kai i Nordfjordeid. Selskapet som arrangerte turen har tatt RIB-en ut av drift.

Politiet opprettar sak.