ru24.pro
World News
Июнь
2025

Rykte ut med store ressursar etter melding om bil i sjøen

0
NRK.no 

Klokka 12 tysdag rykte store ressursar ut til Turøy i Øygarden etter melding om bil i sjøen.

Både politipatruljar, politibåt, redningsdykkarar og ambulanse vart sendt til staden.

Det var ein tilfeldig forbipasserande som varsla Hovudredningssentralen i Sør-Noreg om bilen.

Kort seinare vart det konstatert at ingen var i bilen.

– Brannvesenet er framme. Det skal ikkje vere personar i eller rundt bilen, seier Erik Willassen ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg klokka 12.17.

Bilen vart meldt stolen tidlegare i dag, ifølgje operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i Vest politidistrikt.

Ein nabo seier til NRK at andre personar i området har vore på staden for å sjekke om noko er stole i nausta deira.