Kronprinsen markerer FN-dag for havet
0
Kronprins Haakon deltek i dag i ei markering av FNs internasjonale dag for verdas hav om bord på seglskipet Statsråd Lehmkuhl.
Seglasen går frå Monaco til Nice, og finn stad dagen før FNs havkonferanse startar i Nice.
Også kronprinsesse Victoria av Sverige er med på seglasen, saman med fleire statsrådar og representantar frå FN.
Om bord er det fleire arrangement der tema mellom anna er korleis ein betre skal bevare og bruke havet på ein berekraftig måte.
