Britisk politi vil sikte 18-åring frå Stavanger for drapsplanlegging
18- åringen frå Stavanger møtte fredag i retten i London. Då varsla aktor under høyringa at britisk politi kjem til å sikte han for drapsplanlegging. Det melder Stavanger Aftenblad fredag kveld.
Hittil har han vore sikta for ulovleg oppbevaring av våpen og ammunisjon. Årsaka til at siktinga ikkje er utvida ifølge aktor er at viktige element i bevisa må undersøkt først.
Tidlegare i dag vart det også klart at Kripos knyter 16-åring frå Stavanger til planlagt gjengdrap i Sverige.
Den 16 år gamle guten er allereie sikta og varetektsfengsla i ei sak som gjeld planlegging av drap i Stavanger og England.
16-åringen er altså sikta for å ha rekruttert 18-åringen til oppdraget i England.
Totalt åtte ungdommar frå Stavanger har i løpet av våren er arresterte og sikta i forbinding med dei to planlagde drapa i Stavanger og England.
Seks av desse, ein 17-åring, to menn i 20-åra, ein 16-åring, ein 15-åring og ein 18-åring er alle lauslate.
