ru24.pro
World News
Июнь
2025

Skal ha valdtatt jente på ferjekaitoalett

0
NRK.no 

Ein mann i 20-åra er varetektsfengsla i fire veker, mistenkt for å ha valdtatt ei jente under 14 år på eit ferjekaitoalett.

Dei to skal ha sitte på i samme bil, og mannen skal ha følgt etter henne på do.

Mannen har vedgått å ha vore med inn, men hevdar det ikkje skjedde noko seksuelt.

Retten festar ikkje lit til det, og viser mellom anna til at mannen er sikta for totalt 13 seksuallovbrot i løpet av eit halvt år, fleire av dei mot barn under 14 år.

Retten konkluderer med at det er stor fare for at bevis går tapt om han blir sett fri no.