MC-førar stakk til skogs etter uhell
0
Ein MC-førar i 40-åra er pågripen i eit skogsområde Hjellestad/Blomsterdalen i Bergen. Mannen gav gass då politiet ville stoppe han i ein trafikkontroll. I Hjellestadvegen gjekk det gale, då han brasa inn på eit tun og over ein plen føre han velta i ei myr.
– Så la han på sprang, seier operasjonsleiar Tore Andre Brakstad ved Vest politidistrikt.
Etter ein halvtime vart mannen lokalisert av ein hundepatrulje. Han er uskadd. Mannen har ikkje førarkort og politiet mistenkjer at han var rusa. Politiet skriv på X at det ikkje er tale om noko forfølging.
