Ti omkomne på norske vegar i mai
0
Ti personar mista livet i ni ulykker i mai. Det er ein meir enn mai i 2024, viser tal frå Statens vegvesen.
I mai har fire omkomme på MC, to i bil, ein i varebil, ein på ATV, ein på sykkel og ein til fots.
– Vi må vere særleg obs på alle syklistane, fotgjengarane og MC-førarane. Desse er det langt fleire av på denne tida av året, og dei er ekstra sårbare i trafikken, seier avdelingsdirektør for trafikksikkerheit i Statens vegvesen, Guro Ranes, i ei pressemelding.
I alt har 33 personar mista livet på norske vegar dei fem første månadane i år. Det er fire færre enn same periode i fjor.
